.
Tre høgresko til ein venstresko
Det var ein gong tre sko som budde i eit land med skoinnbyggjarar. Lêr, Skinn og Gummi heitte dei, og dei var alle brør og søner av den same høgreskoen. Eldstemann, Lêr, var av storleik 44, andremann, Skinn, var ein 41-modell og yngstemann, Gummi, var berre ein gutunge på 38. Alle brørne hadde eit mål for auget, nemleg det å skaffe seg ei venstreskokjerring. Kong Lakksko hadde utlova dotter si, Sigrid-Høghæla, til den høgreskoen som greidde å sjarmere ho i senk. Lêr og Skinn hadde latt vore å arbeide i fleire veker, berre for å ikkje bli møkkete på tuppane sine. Derimot hadde Gummi arbeidd for tre i desse vekene, dermed hadde han blitt svært møkkete, men også fått store musklar.
Endeleg kom den store friardagen. Dei to eldste brørne var pene og nypussa, mens Gummi var gjørmete og fæl. Då alle tre var klare, gikk dei av stad. Etter å ha gått langt om lenge og lengre enn langt, kom dei til ei kløft med berre eit tau hengande over ein sump. Fyrst var det Lêr sin tur, han kom halvvegs over, men då var det slutt på kreftene, så han fall ned i sumpen. Så var det Skinn sin tur. Det gjekk ikkje betre med han, så han hamna i sumpen han og. Til slutt var det Gummi sin tur. Etter å ha vore flittig med arbeidet heime, så var ikkje dette her noko problem for han.
Etter å ha gått endå lengre, kom dei tre brørne fram til endå ei hindring. Denne gongen måtte dei gjennom eit tornekratt. Krattet var både langt og breitt, og tornane var som skarpe spiker. ”Korleis kjem vi gjennom her?” spurte Skinn. ”Eg kan gå fyrst og brøyte veg,” svara Lêr. Men då prøvde Gummi å komme med eit forslag: ”Men eg har ein…” ” Ver stille med deg!” avbraut Lêr og gjekk på. Skinn følgde på og dei vart stygge og oppripa begge to. Til slutt tok Gummi fram arbeidskniven sin og begynte å skjere seg veg framover. Då han kom til enden av tornekrattet, såg han ned på dei blodete brørne sine og sa ”Kvifor venta dykk ikkje til eg hadde skore meg veg gjennom?”. ”Å, ver stille med deg, Gummi!” svara dei.
Etter å ha vandra endå fleire mil, kom dei fram til ein brei, men ikkje djup bekk. Dei kunne ikkje hoppe over, så dei måtte vasse. På den andre sida kunne dei sjå det store flotte slottet til kong Lakksko. Fyrst vassa Lêr uti. Han blei gjennomvåt og illsint. Så gjorde Skinn like så og det same skjedde med han. Til slutt var det Gummi sin tur. Han bretta opp støvelskafta sine og vassa over. Ikkje vart han våt og ikkje vart han illsint, men rein vart han. No var det strake vegen til kongsslottet.
Naturlegvis gjekk Lêr inn fyrst. Han var både fillete, blodig, stinkande og våt. Då prinsessa fekk sjå han, skreik ho ”Ut med deg!”. Så var draumen til Lêr knust. Så var det Skinn sin tur. Det gjekk på same måte med han som med Lêr. Draumen til Skinn vart òg knust. Til slutt var det Gummi sin tur. Han var rein, fin og hadde store musklar. Han glei rett inn hos prinsessa, som sa ”Deg vil eg ha!”. Så levde dei lykkeleg i alle sine dagar.
Nils Albjerk, 2STB.