Gå til hovedinnhold Gå til søk
Søk 
Gå til hovedinnhold
Fri tekst 

Artikkel 
Hugs bilbelte

Christina BergElevene i en tredjeklasse allmennfag fikk skriveoppgave høsten 07. De skulle skrive en analyse av en sakprosatekst. Christine Berg har skrevet denne teksten:



Hugs bilbelte

Kennet8Sender av ein holdningskampanje er Statens vegvesen og Kenneth (18). Kenneth har vore utsett for ei ulykke. Han kolliderte i 50 km/t og blei slengt mot rattet fordi han glømte bilbelte. Fordi han ikkje brukte bilbeltet, fikk han store skadar. Kameratane som satt på, brukte bilbelte og kom mykje betre frå ulykka.

Medium som er brukt er internett. Kampanjen er henta frå heimesida til Statens vegvesen, www.statensvegvesen.no/bilbelte.

Bakgrunnen for denne kampanjen er å skremme folk til å alltid hugse på å bruke bilbelte. Folk tenkjer ofte: ”Eg treng ikkje bilbelte. Eg skal berre like borti her, og fartsgrensa er uansett lav.” Det er nettopp det Statens vegvesen vil skremme folk til å slutte å tenkje. Kenneth kjørte berre i 50 km/t, og fordi han ikkje hadde bilbelte, kunne han dødd på grunn av dei alvorlege skadane. ”Kollisjon i 50 km/t tilsvarer et fall på 10 meter.” Dette er ein av tre faktasetningar som står i kampanjen. Liten fart behøver ikkje ha så mykje å si når folk kolliderer, i alle fall ikkje når dei ikkje bruker bilbelte. Det er idioti å ikkje bruke bilbelte, uansett kor kort eller lang bilturen er. Det er det som er hovudsynspunktet i kampanjen.

Kampanjen består av fem delar. Del ein består av eit bilete med eit sitat frå Kenneth. Biletet av ein skada gut og kommentaren hans fungerer som ein interessevekkar for lesaren. Han lurer på kva som har skjedd med Kenneth og les vidare. I del to får lesaren svar på spørsmålet sitt. Her får han vite kva Kennet har vore utsett for, og kvifor han har fått kraniet skrudd saman på nytt. Del tre er skrivi med sarkasme. Den delen er for dei som fortsett trur at dei ikkje treng bilbelte når dei har låg fart. Lesaren får opplyst eit telefonnummer og blir bedt om å ringe dette nummeret dersom han ikkje trur på kva som har hendt med Kenneth. Fjerde del er ein fakta del. Her får lesaren vite litt fakta om det å kollidere i lav fart, og kor viktig bruk av bilbelte er. Femte og siste del er også eit bilete. Biletet er ei påminning om at folk skal hugse bilbelte. Biletet viser ei jente som held rundt ein gut, og under biletet står teksten ”Husk bilbelte”.

Det blir brukt logisk argumentasjon i teksten. Kampanjen argumenterer for at folk alltid må hugse bilbelte, og dei argumenta dei bruker er både relevante og haldbare. Biletet er det første lesaren legg merke til med kampanjen, og all tekst i annonsen har noe med biletet å gjere. Biletet støtter også opp om det Kenneth fortel. Lesaren kan sjå på biletet, arra i ansiktet til Kenneth etter operasjonen. På biletet står det også opplyst at kjelde er Fædrelandsvennen. Biletet og historia er henta frå ein reportasje, noe som betyr at lesaren kan sjekke om historia er sann eller ikkje. Linken til sida til Statens vegvesen er også oppgitt slik at lesaren kan gå inn på nettsida og sjå om faktadelen i kampanjen stemmer.

Det er blitt brukt autoritetsargumentasjon i kampanjen. ”Legene sa at bensplinter nesten hadde trengt inn i hjernen.” Fordi ordet lege er blitt brukt, kjøper lesaren det med ein gong. Det er vanlig å tru på legar, så når det står i teksten at dei har sagt det, må det nesten vere alvorleg. Det er også blitt brukt sarkasmeargumentasjon. I del tre av kampanjen er fellesskapsargumentasjon blitt tatt i bruk. ”De som fortsatt tror de kan holde seg fast i rattet ved kollisjon i lav fart, kan ringe Kenneth på tlf 99 37 42 16 mellom kl 16 og 17.” Setninga er retta til ei gruppe, nettopp den gruppa som fortsett trur dei ikkje tar stor skade av kollisjon i lav fart utan bilbelte. Det vekker følelsar i lesaren og får han til å tenkje. Er han ein av ”de”?

Del tre av kampanjen er også skrivi på ein sarkastisk måte. Det står i teksten at dei som ikkje trur på det som blir sagt kan ringe Kenneth, også er det oppgitt eit telefonnummer. Dette gir lesaren ein følelse av at ein ikkje kan anna enn å tru på det som blir sagt i kampanjen.

Det er blitt brukt to bilete i kampanjen om bruk av bilbelte. Det største og viktigaste biletet er biletet av Kenneth. Motivet i biletet er Kenneth. Det viktigaste med biletet er å få fram ansiktet hans og vise lesaren skaden han har pådratt seg frå ulykka. Biletet er i svart/kvitt, noe som skapar ein litt dyster og alvorleg stemning. Ansiktet til Kenneth er lyst, mens alt rund er i mørkare farger. Stinga mellom auga og på nesa er svarte, og er ein sterk kontrast til det kvite ansiktet. Dette gjer at lesaren fort får auge på stinga og blir klar over at noe spesielt har skjedd med guten på biletet.

Biletet er utforma på ein slik måte at fokuset til lesaren er på ansiktet til Kenneth. Delar av panne og hake er klipt bort, slik at det området som er skada får ein meir sentral plass i biletet. Biletet er også veldig nære, så nære at lesaren kan telle talet på stinga som er blitt sydd i ansiktet til Kenneth. At motivet er så nære gjer også at uttykket til Kenneth blir veldig sterkt. Han ser på nettopp deg, og seier nesten med bare blikket: ”Dette kan skje med deg, dersom du er dum nok til å kjøre utan bilbelte.”

På biletet står det også ein tekst. Teksten er eit sitat frå Kenneth. Sitatet gir ein verknad av at Kenneth ser direkte på deg når han seier det som er med på å gjere det heile meir personlig. Sitatet frå Kenneth og skadane lesaren ser på guten på biletet samsvarar med kvarandre. Det beviser at det er Kenneth som er guten på biletet, og at det han seier er sant.

Det andre biletet i teksten er mykje mindre, og er heilt nedst til høgre i ramma rundt holdningskampanjen. Motivet i biletet er ein gut og ei jente. Jenta held den eine handa si rundt guten, og på den måten fungerer armen hennes akkurat som eit bilbelte. Stemninga i biletet er harmonisk. Lesaren kan sjå at både mannen og jenta har det bra og er glade i kvarandre. Dersom ein gløymer bilbelte, kan desse følelsane lett bli viska bort. Sjansen for at folk døyr i bilulykker er mykje større når ein ikkje bruker bilbelte, og da får ein aldri sjå den ein har mista igjen..

Fargane som er brukt i biletet er kontrastfargane svart og kvit. Genseren til guten er kvit, mens genseren til jenta er svart. På den måten ser lesaren veldig godt armen til jenta, og det at genseren til jenta er svart gjer at den minner enda meir om eit bilbelte.

Biletet er klipt slik at det meste av jenta er borte, mens halve kroppen til guten synes. Fokuset er retta mot overkroppen til guten, det området ein bruker å ha bilbelte på.

Under biletet står teksten ”Husk bilbelte”. Det understrekar bodskapen i biletet, og lesaren får vite at det er nettopp det biletet handlar om.

Kampanjen seier klart og tydelig i frå at folk må hugse bilbelte, og i annonsen har dei også med ein god grunngiving for kvifor det er så viktig. Annonsen handlar i hovudsak om Kenneth og kva som skjedde med han da han ikkje brukte bilbelte. Ei personlig oppleving er kjempesmart å ha med i ein holdningskampanje, og bodskapen i denne annonsen treffer lesaren med ein gong. Kampanjen går rett på sak. Som det store biletet viser, handlar kampanjen om å skade seg sjølve eller verre, og kor lett det faktisk er å gjere noe med det. Det gjelder både for din egen del og dei du er glad i, som det vesle biletet viser.

Eg syns holdningskampanjen frå Statens vegvesen var veldig bra. Det store biletet av Kenneth var det første eg la merke til, og blikket hans har eg fortsett i tankane. At det er den personlege opplevinga til Kenneth som skal få meg til å alltid hugse bilbelte, føler eg at fungerer. Ein personlig oppleving treffer meg mykje lettare enn bare ein masse fakta om kva som kan skje og så vidare. Å få høyre om alvorlege ting som faktisk har skjedd får meg til å tenkje etter om at det faktisk kan hende meg også. Biletet av Kenneth med stinga i ansiktet og sitatet hans gjer meg meir bevisst på kor farleg det er å ikkje bruke bilbelte. Eg syns også det er bra at dei har fått med ein liten faktadel i kampanjen utan å gjere den kjedelig. Faktadelen handlar berre om bilbelte og fart i 50 km/t, som relaterer til historia til Kenneth. Eg har sjølv sertifikat og syns sjølv at 50 km/t er veldig sakte. Eg har aldri tenkt over at å kollidere i så lav fart kan gi så store skadar. Eg syns også at å gi opp eit telefonnummer og be dei som ikkje trur på historia om å ringe dette nummeret, er eit kjempebra verkemiddel. Eg kan jo ikkje anna enn å tru på historia da!

Eg trur det er ein holdningskampanje eg faktisk vil hugse. Eg har alltid visst at bilbelte er kjempeviktig når eg er ute og kjører bil, og etter å ha lese denne annonsen har eg enda større grunnlag til å fortsette å tru det.